FAQ – Stormhyttene på Gullvegen
Velkomen til Stormhyttene på Gullvegen. Her finn du svar på det gjester oftast lurer på før og under opphaldet.
🌿 Før du bookar
Kva er glamping – og kva kan eg forvente?
Glamping (glamorøs camping) gir deg det beste frå to verdener: nær naturen – med komforten frå hotell.
Hos Stormhyttene på Bømlo bur du midt i vestlandsnaturen, med utsikt, ro og kvalitet i alle detaljar. Perfekt for deg som vil oppleve naturen – utan å gi slipp på komfort.
Kven passar eit opphald hos oss for?
Stormhyttene passar perfekt for:
• Par som vil ha ei romantisk oppleving
• Vener på tur
• Små familiar som vil oppleve naturen saman
Dette er ei roleg og avslappande naturoppleving – langt frå stress og mas.
Er dette ei overnatting for meg som aldri “campar”?
Ja – og kanskje spesielt då 😊
Du slepp telt, kulde og stress. Her kjem du til ferdig seng, varm hytte og spektakulær utsikt.
Er hyttene tilgjengelege for alle?
Terrenget rundt hyttene er naturleg og noko ulendt, og hyttene er difor ikkje fullt tilrettelagde for rullestol.
Ta gjerne kontakt med oss – me hjelper deg å vurdere om dette passar for deg.
Kan eg gi bort eit opphald i gave?
Ja!
Eit opphald i Stormhyttene er ei gåve du aldri gløymer. Du kan enkelt bestille gåvekort via nettsida.
🛎️ Booking og opphald
Kvar finn eg informasjon om bookinga mi?
Etter booking får du ein e-post med all informasjon du treng:
vegforklaring, innsjekk, tips og praktisk info.
Når er innsjekk og utsjekk?
• Innsjekk frå kl. 16:00
• Utsjekk innan kl. 12:00
Dette gir deg god tid til å nyte både kveld og morgon i naturen.
Korleis fungerer innsjekk?
Du har enkel, sjølvbetent innsjekk.
Før ankomst får du ei melding med alt du treng for ein smidig start på opphaldet.
Kva om eg må avbestille?
Avbestillingsreglane avheng av kvar du booka.
Sjå detaljane i bookingbekreftelsen din.
🚗 Praktisk informasjon
Korleis kjem eg meg til Stormhyttene på Bømlo?
Stormhyttene ligg på Lykling – ein del av Gullvegen på Bømlo.
Du kjem deg enklast hit med bil, og får detaljert vegbeskriving etter booking.
Er det gratis parkering?
Ja – gratis parkering rett ved hyttene.
Derfrå er det ein kort og fin gåtur på gruset sti, Ca. 70 meter å gå.
Kor langt er det å gå?
Ca. 70 meter frå parkeringsplass til hytta.
Kva gjer eg viss noko ikkje fungerer?
Ta kontakt med oss med ein gong.
Du finn kontaktinfo i meldinga du får før ankomst – me er her for å hjelpe deg.
🛖 Fasilitetar – dette finn du i hyttene
Er det straum og WiFi?
Ja – du har både straum og WiFi, sjølv om du er midt i naturen.
Er det varme i hyttene?
Ja, og det er noko av det gjestene set mest pris på.
Hyttene har både varmepumpe, gulvarme og varmeovn – perfekt året rundt.
Er det vatn?
Ja, du har drikkevatn tilgjengeleg i hytta.
I tillegg finst det ekstra vatn ved behov.
Er det toalett og dusj?
Kvar hytte har eige toalettbygg med forbrenningstoalett, urinal og vask.
Dusj finn du ved Lykling Gjestehamn:
• ca. 2 min med bil
• ca. 10 min til fots
Kva kan eg lage av mat?
Du har tilgang til:
• Kjøleskap
• Vannkokar
• Servise og bestikk
• Bålpanne med grill
Ved er inkludert – perfekt for både enkel mat og koseleg bålstemning 🔥
Må eg ta med mat?
Ja, du tek med eigen mat og drikke.
Tips:
• Tenk enkelt og godt
• Ta med noko du kan grille
Det er butikk og restaurant ca. 10 min unna dersom du treng noko ekstra.
Kor privat er opphaldet?
Dette er ein av dei beste grunnane til å velje Stormhyttene.
Hyttene ligg skjerma frå kvarandre og omgjevnadene – og du kan sjølv regulere innsyn med gardiner.
Her får du verkeleg ro og privatliv.
Korleis er det med reinhald?
Reinhald er inkludert.
Du kjem til ei rein og klargjort hytte – og me set pris på at ho blir forlatt ryddig.
🧭 Opplevingar – gull, natur og ro
Kva kan eg oppleve i området?
Stormhyttene ligg midt i eit område rikt på historie og natur:
• Gullgruvene på Lykling
• Turstiar i variert terreng
• Kyst og sjø
• Badeplassar
Dette er Vestlandet på sitt beste.
Kor nær er gullgruvene?
Berre nokre få minutt frå hyttene – enten til fots eller med bil.
Ein perfekt liten oppdagelsestur under opphaldet.
Kan eg ta med noko frå området?
Nei – gullgruveområdet er ein viktig del av kulturarven.
Me ber alle gjester respektere dette og la naturen vere urørt.
Kva betyr det at dette er ein del av Geopark Sunnhordland?
Stormhyttene og Gullvegen ligg i ein UNESCO Geopark.
Det betyr at området har unik geologi og historie – og er verna og formidla for framtida.
👨👩👧 Gjester og reglar
Kor mange kan bu i hytta?
Hyttene er best tilpassa for opptil 3 personar.
Det er mogleg med ein ekstra gjest mot tillegg.
Kan eg feire noko spesielt?
Ja – og det anbefaler me 💛
Vil du feire bursdag, jubileum eller kanskje frieri?
Ta kontakt med oss på førehand – så hjelper me deg å skape ei uforgløymeleg oppleving.
Kan eg ta med hund?
Dessverre – kjæledyr er ikkje tillate.
Kan eg dele bilete frå opphaldet?
Ja, og det set me stor pris på!
Tag oss gjerne:
@Stormhyttene – Instagram og Tiktok
@Gullvegen – Facebook
Kva bør eg pakke?
Du kjem til ferdig oppreidd seng – men ta gjerne med:
• Klede etter vêr (Vestlandet kan overraske)
• Mat og drikke
• Toalettartiklar
👉 Tips: Ta med ei varm genser/jakke – det gjer kvelden ute endå betre.

